Frå edelt metall til blenkjande kulturskatt

I verkstaden på Sylvsmidja på Voss går Olav Honve taktfast gjennom lokalet. Sidan han var 15 år i 1971 har han med sine store nevar pressa, lodda og pussa fram dei mest delikate sølvskattar frå Noregs venaste kulturarv, nemleg bunadsølvet.

Foto: Olav med sølvblikket. På verkstaden vert både sølvet og handverket halde ved like.

Akkurat som i naturen kring Voss, er sølvarbeidet prega av motsetningar. Kontrasten mellom dei grove arbeidsnevane og dei delikate sølvsmykka kunne nesten ikkje vore større. Frå råvara argentum til eitt av dei om lag 2 500 ulike sølvprodukta som vert laga her på Sylvsmidja, går sølvet gjennom mange hender og metodar for å ende opp som blenkjande bunadsølv.

Ekte handverk

Den største utfordringa innan bunadsølv er for mange den handlaga bolesølja med 555 einskilde delar. Kvar einaste del lagast for hand med ein tråd som vriast og bøyast til dei vakraste former. Det er filigranarbeid på høgt nivå. Mange gullsmedar kjenner på ei ærefrykt når dei skal i gang med den. Gullsmed Gry Ukvitne likar den møysommelege og lange prosessen med arbeidet.

– Detaljarbeid er kjekt! Uansett kva eg jobbar med, har eg i tankane at nokon skal bæra sølvet og at det skal pryda bunaden deira, gjerne i generasjonar. Kvart produkt er unikt for den eine kunden, og eg legg mi stoltheit i at det skal vera perfekt. Ikkje berre for kunden, men også for kulturarven, seier Gry.

Foto: Gry legg si stoltheit i at handverket skal vera perfekt.

Blant dei erfarne fagfolka som arbeider i produksjonen i Sylvsmidja står det også trufaste maskiner som med kraft på opptil 500 tonn pressar ut ulike sølvemne. Ei av pressene er ein tysk kraftplugg. Sidan 1960-talet har den sunge den same melodien, og Olav veit akkurat korleis den skal låte når den høgg ut blad til søljene.

 

Sylvsmidja i støypeskeia

Sylvsmidja vart grunnlagd av Betzy og Leif Johannessen frå Bergen. Selskapet fekk ein tøff start då dei opna butikk og verkstad litt utanfor sentrum på Voss 15. september 1940 i eit lokale på  ca 12 kvm. Lite ante dei at verksemda nokre år seinare skulle bli Noregs største bunadsølvleverandør. I 2021 har bedrifta 65 tilsette og lagar bunadsølv for sal hos gullsmedar og systover i heile Noreg. Sylvsmidja er i dag eigd av tredje generasjon etter stiftarane, og familien utøver eit aktivt eigarskap gjennom styreverv og prosjektdeltaking.

Foto: Leif og Betzy Johannessen flytta frå Bergen til Voss i 1940 og starta Sylvsmidja.

Ein viktig grunn til suksessen er den store jobben som er lagd ned i å samla originalane til Sylvsmidja sin store produktportefølje. Arbeidet med å byggja opp det rikhaldige arkivet med bunadsølvmodellar byrja tidleg på 1970-talet. Vår eigen «sølvdetektiv» Dagfinn Bjørkelid reiste landet rundt med eitt mål for auga: Å studera kjeldemateriale, gamle søljer og anna draktsølv som har vorte funne rundt om i dei ulike distrikta. Bakgrunnen og opphavet var viktig å vita noko om for å kunna tilby det «rette» bunadsølvet til dei ulike bunadene og folkedraktene. Etter kvart vart det også kjøpt opp designrettar frå lokale gullsmedar og formgjevarar for å komplettera samlinga. På denne måten har bedrifta gjennom mange år bygd opp både eit breitt sortiment og djup kunnskap om bunadsølv. I kombinasjon med ein effektiv produksjon og eit stort relevant ferdigvarelager har verksemda som mål å levera raskt frå heile sortimentet.  

 

Eit blenkjande stykke norsk kulturarv

Det er fort å gløyme kor vanskeleg det er å lage sølvet når du stressande kler på deg bunaden ein 17. mai eller annan merkedag.

– Det er jo fullt forståeleg at folk ikkje tenkjer på kva slags arbeid som ligg bak. Men dersom ein plukkar produkta frå kvarandre og går ned i detaljane, vil ein sjå kor mykje tid, omtanke og perfeksjon som er lagt ned i kvar einaste del, seier Olav.

Berre det beste bunadsølvet lever gjennom generasjonar, og bunadsølvet til Sylvsmidja skal ha beste kvalitet. Me har livstidsgaranti mot produksjonsfeil. Frå den minste sølvknappen på bunadskjorta til den storslåtte sølja på bringa.

Bunadsølvet og handverkstradisjonen er ein stor del av den norske kulturarven. Den er det er viktig å verne om.

 

Stolte tradisjonar møter framtida med opne armar

Sylvsmidja har i alle år lagt stor vekt på å fornye seg. I 2020 fylte me 80 år, og det var startskotet for noko heilt nytt: No kan du sjølv designe di eiga sølje.

Bedrifta er oppteken av å ta vare på tradisjonar, men samtidig møte framtida med opne armar. Søljedesignaren er nettopp eit eksempel på det.

Foto: Gullsmed Iris June Bø Nesje til venstre, samen med konfirmanten Anne Skjelde som har designa si eiga sølje via nettsida til Sylvsmidja.

– Bunadsølv har aldri vore statisk, men i utvikling. Det levde og gjekk i arv rundt på gardane. Gjennom generasjonane har alt frå symbolikk til form og uttrykk blitt tilpassa og endra, seier gullsmed Iris June Bø Nesje, og utdjupar:

– Det at kundane no kan designe sine eigne søljer, tek bunadsølvet vidare på denne ferda.

Ikkje berre bunadsølv hos Sylvsmidja

Sylvsmidja lagar i dag i all hovudsak bunadsølv. Anten til eigen produksjon og sal, eller som leigeproduksjon for andre gullsmedar. Men bedrifta har også, i samarbeid med designaren Anne Lise Tollefsen, smykkekolleksjonen «Spor». Ikkje unaturleg, hentar smykkekolleksjonen inspirasjon både i naturen og bunadsølvet. Anne Lise arbeider tett saman med gullsmedane i Sylvsmidja når smykka vert utvikla, og produksjonen skjer på Voss.

Foto: Spor med inspirasjon frå naturen

Sporsmykka skal vera  ein moderne smykkekolleksjon som du kan setja saman på din eigen måte og ha på deg til både kvardags og fest. På same måte som for bunadsølvet er det dei ørsmå detaljane som skapar det unike uttrykket til smykkekolleksjonen.

 

Ta kontakt !

Dersom du vil vita meir om oss eller produkta me lagar er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.
Meir informasjon finn du på www.sylvsmidja.no

Tekst og foto: Sylvsmidja i samarbeid med Partnerstudio.